om å springe om kapp med Juníperus
Slettes ikkje alle her veit at eg har sett bamsen, ja sjølvaste storbamsen var det eg såg. Ikkje nok med det, dette var ein særs farleg kar. Kanskje, . . nei ikkje berre kanskje, men heilt sikkert, ein mykje meir trugande kar enn den som var heilt jordet med ein stortingsmann her om dagen.
Det er lenge sidan det hende – ja så lenge sidan er det at eg var yngre enn eg er no, og så godt som eg held så seier det ganske mykje. Men no må eg kome meg attende til storbamsen på fjellet, den som eg ein dag for mange år sidan støtte på: Bekmørkt var det, berre eit svakt lite skin i skylaget hjelpte meg til å peile leia der eg vandra aleine, mutters aleine, langsetter vegen mot nabobygda til den jenta som eg likevel ikkje fekk treffe. - Og da var det: Rett framom meg, stor og trugande, med ryggsekk på ryggen og øks over aksla, stod han der – klar til å kaste seg over meg.
Eg har fundert mykje på det i åra som har gått, om det var fordi eg stivna av skrekk eller, . . . . men nei, lat oss heller tenkje at det var motet mitt som gjorde at eg ikkje sprang min veg den natta, . . men hadde eg eg tatt beina på nakken og sprunge min veg, ja da hadde eg den dag i dag visst heilt sikkert, at på fjellet mellom dei to bygdene der står det, ikkje ei stor prosaisk einebusk, men ein mordarisk bjønn med øks og ryggsekk og trugar uheldige nattefriarar.

Det er altså ikkje den vi ser på biletet - det er ikkje eingang ei einebusk.
Bildet inngår i albumet Uklåre sommarminne -
  • Versjoner:
  • Versjon #1
    Original
  • Lagt inn: 2005-06-18 01:34:40
    Versjon #2
Utstyr
  • Coolpix 4500
  • -
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriNatur
  • Lastet opp
  • Visninger310
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_143679} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (2)
Truls Christian W.

Dette er vel gjerne to forskjellige bilder eller hva?
Odd Karsten H.

Det var det, men skulle ikkje vere det. Eg kom til å laste opp nabobiletet i staden for den versjonen eg skulle ha lagt der, . . . men det er frå same turen og innanfor eigensjangeren uskarpe sommarkveldsimpresjon - så da så.
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu