Det solvangske julekortet
Posten tente ikkje stort på meg i år heller. Dei plar ikkje gjere det. Hadde eg vore like dårleg kunde hos Telenor så hadde dei stengt telefonen min, og da ville det vel vere rett av Posten å stengje postkassa mi? Eg spurde eg postbodet om det ein gang han kom med rekning- og reklamebunken sin, men det var nok ingen slik ordning, sa han. Posten er snille dei, dei stiller ikkje krav

. . . . Dei har vel sine bakatankar, det tenkjer no eg.


Før i tida, det vil seie: Før eg fekk tastatur mellom meg og skrivinga, da hende det at ein og annan fekk eit handskrivne brev frå meg, nokre gangar var dei illuminert med gull og sølv - og med kunstferdige bokstavar som dei gildaste karolingiske handskrifter. . . . . det vart forresten ikkje mange orda eg skreiv da . . . men det kunne tydast – i allefall om ein synte litt velvilje.
Andre gangar var det verre: Ark frå største teikneblokka mi vart tett i tett fylt med miniatyrbokstavar, så små at ingen klarte tyde dei – ikkje eingang med lupe. Det var forresten ikkje alltid eg brukte store ark, eg minnest at ein gang kom det ein bekymringstelefon frå BON, etter at han hadde fått eit langt brev frå meg . . . . skrive på eit ark frå ei Rizzla-blokk (eg røykte den gangen). Han hadde fått med seg den triste dødsbodskapen i brevet, men klarte ikkje å tyde at det dreidde seg om ein katt – ein svært kjær katt var det, det må eg seie til mitt forsvar; det var sjølvaste Misha som hadde gått til dei evige jaktmarkene.


Med kalligrafipennen klarer eg til nød å skrive nokre leselege ord – men skal eg bruke mi eiga handskrift . . . . nei eg har gitt opp å sende både brev og kort, . . .eg sende likevel nokre no i sommar, men ingen forstod kven dei var frå. . . . Kanskje like greitt det: Så vart dei ikkje skremt av feiltolkingar.


Eg fekk julehelsing frå ho Svanhild! Og da måtte eg til å lage eit julekort. Ho bur så nær at eg ikkje treng bruke Posten – det er berre nokre hundre meter å gå der bort på Solvang - så eg sende det som epost.


Eg skreiv til ho Svanhild at det var spesielt og heilt eksklusivt til solvangsk bruk, men dersom alle lover å ikkje sladre så kan eg gjenbruke det her for å sende ei lita julehelsing til vener og andre på fotodotten. Men seie ingenting da de!!


Odd

God jul!!
Utstyr
  • Olympus E-330
  • Olympus Zuizko Digital 14-54 1:2.8-3.5
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriDiverse
  • Lastet opp
  • Visninger315
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_293692} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (4)
Avsluttet .

Artig julekort og topp tekst under.
Men jeg sender både vanlige brev og julekort:-)+på e-post:-)
GOD JUL:-)
Hilsen Tone!
Hans-Jørgen H.

Hallo Odd Karsten!

Kjempeflott julekort med en artig og innholdsrik tekst!
En koselig Juledag til deg og dine på Glettneset!
Hans-Jørgen
Jon K. L.

Kjempeartig innslag! God Jul til deg!

Jon K.
Ann Kristin S.

Fint julekort - og ikke minst en søt pus.
God jul til deg!
Mvh Ann Kristin
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu