Kurs/Workshop
Innholdet i denne artiklen er ikke redaksjonelt

Fotokurs for digitalkamerabrukarar

Kurset har hovudvekt på å lære å ta betre bilete. Biletkunnskap (komposisjon, biletforståing). Elles vil du få innføring i det digitale biletet, elementær biletbehandling og printing, biletdiskusjonar og ei miniutstilling til slutt. Påmeldingsfrist: 1. mai.

Deltakarane må ha eige digitalt kamera. Det er også bra dersom ein kan ta med berbar pc. I tillegg til det faglege vil det bli lagt vekt på sosialt samvere. De trengs ikkje førekunskapar, alle kan delta.

Kurshaldar er Arne Håberg, fotolærar på Sunnfjord Folkehøgskule. Han har drive fotoundervisning på skulen i 10 år.

Påmelding og informasjon: Epost: kontor@sunnfjord.fhs.no eller tlf 57829960 /92644465.

Det fins fleire alternativ for overnatting. Prisar og tinging av overnatting: www.kalvag.no
Epost: gamleskulen@kalvag.no eller telefon 5779 3667/901 29 533 (privat), 5779 5950 (Gamleskulen).

Gamleskulen har 4 husvære (alle fullt utstyrte med soverom, kjøkken og bad) og to møte-/kursrom eller selskapslokale, kvar på nesten 50 kvm. Det eine av desse romma er innreia med kjøkken.
Huset har si historie som ein har lagt vekt på å ta vare på med eit særmerkt og triveleg miljø. Eigedommen ligg 3-400 meter frå Kalvåg sentrum og har panoramautsikt utover Frøysjøen.
Med full utnytting er det overnattingskapasitet til godt og vel 20 personar.

Kursdeltakarane vil ha «einerett» på heile Gamleskulen under opphaldet og kan bruke undervisningslokala 24 timar i døgnet.
Havet og lyset er naturleg tema i Kalvåg.  Arne Håberg -
Havet og lyset er naturleg tema i Kalvåg. Arne Håberg

Varsle Foto.no
Som innlogget kan du kommentere artikler.
Artikkelkommentarer
Ingen har kommentert denne artikkelen enda
Eller kommenter via Facebook:
Åpne uskalert versjon i eget vindu